|
|
|
|
|
|
AKTUELLE BØKER FRÅ NORDHORDLAND |
|
|
Bok nr. 1
Nordhordland Gulen - Årsrevy 2001-2002
Redigert av Bernt Tungodden
Dette er bind II av årsrevyen for Nordhordland og Gulen. Bind I som
kom i fjor starta med år 2000. Serien er redigert som ein årsrevy og
ei oppslagsbok for distriktet. Revydelen som er skriven av erfarne journa-listar
med solid kjennskap til regionen, tek utgangspunkt i stoff frå avisa
Nordhordland med vekt på viktige hendingar gjennom året. Du vil og finne
små glimt frå kvardagen i distriktet som hjelper deg å hugse året slik
det var. Ein faktadel med statistiske opplysningar gir grunnleggjande
informasjon om den enkelte kommune. I tillegg har boka eit omfattande
namneregister som gjer det til ei oppslagsbok for å finne dei hendingane
og personane som akkurat du hugsar. Årets utgave inkluderer billedkavalkade
over nye nordhordlendingar og presenterer ein komplett oversikt over
eigedoms-handelen i distriktet. Har det skjedd noko av interesse i distriktet
det siste året finn du det i denne boka.
Pris: 299,-
|
| |
|
| |
|
|
|
Bok
nr. 2
Farne Tider - Band 2-
Redigert av Bernt Tungodden og Eli Fjelde Vikan
Vi er alle kvar dag med på å skape historie. Det var utgangspunktet då
avisa Nordhordland i 1996 inviterte lesarane til å sende inn bidrag til
spalta «Farne Tider». Denne boka er eit resultat av det unike historiske
materialet som er samla siden første artikkelen stod på trykk. Frå private
samlingar er det henta fram bilde og opplysningar som i glimt frå arbeid,
skule og fest representerar viktige kulturhistoriske kjelder. Denne boka
er først og fremst blitt til på grunnlag av det engasjement mange enkeltpersonar
i distriktet har vist for å dokumentere vår fortid. I bokserien står bildet
sentralt for å kalla fram opplevingar og minne frå farne tider.
Pris: 249,- |
| |
|
| |
|
|
|
Bok nr. 3
Stril og embetsmann
Av Alfred Kvalheim
Nordhordland Forlag AS gir første veka i desember ut boka «Stril og embetsmann»
som er skriven av Alfred Kvalheim, ekspedisjonssjef h.v. Forfattaren er
født 24. november 1932 på Radøy i Nordhordland. Etter embetseksamen i
sosialøkonomi gjorde han teneste i Finansdepartementet frå 1964 til 1973,
men hadde med permisjon lengre arbeidsopphald i OECD og Tanzanias finansdepartement.
Etter dette var Alfred Kvalheim fleire år planleggingssjef i Helse-direktoratet
og seinare sjef for Trygdeavdelinga i Sosialdeparte-mentet. Frå 1993 til
1996 var han helse- og sosialråd ved den norske EU-delegasjonen i Brüssel.
Alfred Kvalheim skriv først om tilhøva under oppveksten i Nordhordland
(på strilelandet) før, under og etter krigen. Deretter fortel han om utfordringar
i statleg teneste i innland og utland. Som pensjonert embetsmann nyttar
han nå høvet til å gi sitt syn på politiske tema, m.a. EU, norsk språkpolitikk
og helse- og sosialpolitikk. Mange og lange reiser gir dessutan utgangspunkt
for refleksjonar av ulike slag. Boka er rikt illustrert. Boka er i sal
frå 6. desember 2002.
Pris: 299,- |
|
|
|
|
|
|
|
|
Bok nr. 4
Nordhordland Gulen - Årsrevy med faktadel- 2000-2001
Redigert av Bernt Tungodden
Denne årboka for Nordhordland og Gulen som startar med år 2000, er redigert
som ein årsrevy og ei oppslagsbok for distriktet, og er den første
i sitt slag her i landet. Revydelen som er skriven av erfarne journalistar
med solid kjennskap til regionen, tek utgangspunkt i stoff frå avisa Nordhordland
med vekt på viktige hendingar gjennom året. Du vil og finne små glimt
frå kvardagen i distriktet som hjelper deg å hugse året slik det var.
Ein faktadel med statistiske opplysningar gir grunnleggjande informasjon
om den enkelte kommune. For å få med starten på eit nytt tusenår inneheld
dette første bindet stoff om to år. Seinare vil årboka følgje året og
omfatte tidsrommet oktober året før til og med september utgivingsåret.
Vi håpar og trur at bokserien på denne måten dokumenterer den nære historia
for distriktet.
Pris: 149,-
|
| |
|
| |
|
|
|
Bok nr. 5
nordhordland - eit norge i miniatyr
-
a miniature
norway - norwegen in miniatur
Redigert av Bernt
Tungodden
På den norske vestkysten, mellom landets nest største by
Bergen og den kjende Sognefjorden, finn du distriktet Nordhordland.
Eit område med fjordlandskap, stupbratte fjell og eit vakkert
øyrike. Med sine mektige og varierte naturressursar står
regionen fram som eit Norge i miniatyr. Denne
boka tek deg med på ei vakker fotoreise til distriktet Nordhordland.
Vel 100 fargebilete dokumenterer regionen i all si prakt for den som
har hjartet i denne delen av landet vårt. Boka har tekst på
norsk, engelsk og tysk.
Pris: 248,-
|
|
|
|
| |
|
|
|
Bok
nr. 6
Farne Tider - Band 1-
Redigert av Bernt Tungodden
Vi er alle kvar dag med på å skape historie. Det var utgangspunktet
då avisa Nordhordland i 1996 inviterte lesarane til å sende
inn bidrag til spalta "Farne Tider". Denne bokserien er eit
resultat av det unike historiske materialet som er samla sidan første
artikkelen sto på trykk. Frå private samlingar er det henta
fram bilde og opplysningar som i glimt frå arbeid, skule og fest
representerer viktige kultuhistoriske kjelder. Denne boka er først
og fremst blitt til på grunnlag av det engasjement menge enkeltpersonar
i distriktet har vist for å dokumentere vår fortid. I bokserien
står bildet sentralt for å kalla fram opplevningar og minne
frå farne tider i Nordhordland.
Pris: 149,-
|
|
|
|
| |
|
|
|
Bok
nr. 7
Katharina Saltnes - for de uberømte-
av Asbjørn Åsgard
frå Lindås, 1862 - 1945. morlaus då ho var 7 månader
gamal. Vanfør etter poliomylitt i 5-års alderen. Kom ikkje
fram til barneskulen, men 16 år gamal vart ho småskulelærar,
med årsløn kr. 86,40. Lærde teikning på kveldsskule
i Bergen. Einaste jente ved treskjerarskulen i Kinsarvik. Kom inn på
kunstskule i Kristiania, og seinare i Stockholm. Kong Oscar II kjøpe
drikkekrus ho hadde skore ut. Ho var både treskjerar og bilethoggar.
Før ho var 40 melde seinverknadene etter polioen seg, ho gav opp
bylivet og kom heim att til Saltnes, der ho hadde rett på kår.
Meisterverket hennar er dei 10 marmortavlene ho laga i 70-års alderen,
og som ho gav til Lindåskyrkja i 1935/36. Katharina Saltnes fekk
Kongens fortenestmedalje i 1936. Dette er boka om hennar forunderlege
kunstnarliv.
Pris:
258,-
|
| |
|